Etter mange år med ulike delkart kan friluftsfolk i Stryn og Hornindal endeleg glede seg over sitt eige turkart. No får både fastbuande og tilreisande ein komplett oversikt over fjell, brear, dalar og turstiar i området.
Behovet har vore stort. I fleire tiår har det nemleg vore eit problem å finne eit dekkande kart for fjella i Stryn-området. Når kundar har spurt etter turkart, har dei tilsette på sportsbutikken måtta leite fram fleire ulike kart over Hjørundfjord, Tafjord og Jostedalsbreen – berre for å få dekt delar av området. Stryn ligg midt imellom desse, og eit samla oversiktskart har mangla.

Kartet har vore etterspurd i fleire år.
– Dette med kart over Stryn har nemleg vore eit problem i mange år. Når kundar spør etter kart over fjella her, har vi måtte finne fram kart over både Hjørundfjord, Tafjord og Jostedalsbreen for å kunne dekkje området vårt som ligg midt i mellom desse. Men no er endeleg vårt eige kart på plass, seier Oddhild Saure ved Ytre-Eide Sport i Stryn. Det var sportsbutikken sjølv som bestilte kartet frå forlaget Calazo.
Det nye kartet strekkjer seg frå Hornindalsrokken i nord til Kattanakken i sør, og frå Grotli i aust til Eidskyrkja i vest. Med andre ord dekkjer det eit stort og variert område med nokre av dei mest populære fjellområda i regionen. Kartet viser merka ruter og stiar, turisthytter, lysløyper, parkeringsplassar og fleire kjende turmål.
Opplaget er på eit par tusen eksemplar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ytre-Eide Sport, lokale fjellfolk og kartforlaget Calazo.
Text: Roy Aron
Foto: Roger Oldeide
Produktet er lagt til i handlekurven din